-

Avlastning og støtte

Støttekontakt er eit tilbod for deg som har behov for ein person som kan vera saman med deg på fritida, slik at du kan få ei aktiv fritid eller hindra at du vert isolert grunna alder, nedsett funksjonsevne eller sosiale utfordringar.

I Voss herad har støttekontakttenesta tre ulike ordningar:

  • Individuell støttekontakt / treningskontakt
  • Deltaking i aktivitetsgruppe
  • Individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon

Meir informasjon om støttekontakt-ordninga finn du her

 

Føremål

Aktivitetslos-ordninga har som føremål å gje fleire born og unge høve til å delta i organisert fritidsaktivitet.

Målgruppe

Hovudmålgruppa er born frå 2. til 7. klasse, men søknader for ungdomskuleelevar vil også bli vurdert. Tenesta er for personar som har potensiale til å delta sjølvstendig i aktiviteten etter tre månadar.

Kven kan søkja?

Familiar som står i ein sårbar situasjon som gjer at ein for tida ikkje har kapasitet til å følga og støtta barnet inn i ein aktivitet. Dette kan til dømes åleineforeldre med fleire born, familiar som har fleire born med særskilte behov, foreldre med utfordringar knytt til helse, psykiatri eller rus, eller minoritetsfamiliar med manglande norsk- og lokalkunnskaper.

 

Her finn du meir informasjon om Aktivitetslos 

Under arbeid

Heradstyre har vedtatt oppstart av Home-Start og prosessen er satt i gang.

Lurar du på kva dette er? Her kan du lese meir om Home-Start