-

Barn med nedsett fuksjonsevne

OPPFØLGING FRÅ HELSESTASJONEN 0 – 5 ÅR 

Alle barn i alderen 0-5 år, uavhengig av funksjonsevne har rett på regelmessige helsekontrollar på helsestasjonen. Tilbodet i helsestasjonen 0-5 år er eit standardisert program med 14 konsultasjon

Helsestasjonen legg til rette for individuell oppfølging ut frå barna sine behov. Dei samarbeidar hyppig med spesialisthelsetenesta og andre kommunale tenester som til dømes fysio- og ergoterapeut.

 

SPESIALPEDAGOGISK HJELP FOR BARN UNDER OPPLÆRINGSPLIKTIG ALDER 

Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særlige behov for det. Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gje barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter.

For å kunne gjere vedtak om spesialpedagogisk hjelp må PPT utarbeide ei sakkunnig vurdering og foreldra må søkje om spesialpedagogisk hjelp.

Kontaktinformasjon og tilmeldingsskjema til PPT finn du her

Dersom den sakkunnige vurderinga tilrår spesialpedagogisk hjelp søkjer du om dette her

PRIORITET VED TILDELING AV BARNEHAGEPLASS 

Tildeling av barnehageplass skjer etter ei prioriteringsliste der barn med nedsett funksjonsevne har 1. plass jf. barnehagelova § 18. Dersom det blir søkt om prioritert barnehageplass for barn med nedsett funksjonsevne skal skal behovet dokumenterast av fagpersonell.

Frist for å søkja barnehageplass er 1. mars. For barn med nedsett funksjonsevne søkjer ein på valeg vis, men må i tillegg legga ved dokumentasjon om barnet si funksjonsevne.

Vedlegg til søknad om prioritet ved opptak sendast til

Voss herad v/ Kommunalavdeling oppvekst

postboks 145

5701 Voss

Barn med sterkt nedsett fysisk funksjonsevne, som nyttar rullestol eller på annan måte har begrensa fysisk bevegelsefriheit, vil få tilbod om plass i Voss eller Klausabakken barnehage. Dette då desse barnehagane er universelt utforma og difor er best tilrettelagt for barn med fysiske funksjonsnedsettingar.

 

INDIVIDUELT TILRETTELAGT BARNEHAGETILBOD FOR BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE 

Lov om barnehager § 37. fast slår at kommunen pliktar å legge til rette barnehagetilbod for barn med nedsett fuksjonsevne. Omgrepet nedsett funksjonsevne er ikkje definert i barnehagelova, men i forarbeida er det vist til anna lovverk:

Omgrepet nedsett funksjonsevne blir definert som tap av, skade på eller avvik i en kroppsdel eller i en av kroppens psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjoner. Vilkåret omfattar altså både fysiske, psykiske og kognitive funksjonsnedsettingar

Her kan du lese meir om individuelt tilrettelagt barnehagetilbod og finne søknadsskjema 

 

SPESIALPEDAGOGISK HJELP FOR BARN UNDER OPPLÆRINGSPLIKTIG ALDER 

Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særlige behov for det. Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gje barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter.

For å kunne gjere vedtak om spesialpedagogisk hjelp må PPT utarbeide ei sakkunnig vurdering og foreldra må søkje om spesialpedagogisk hjelp.

Kontaktinformasjon og tilmeldingsskjema til PPT finn du her

Dersom den sakkunnige vurderinga tilrår spesialpedagogisk hjelp søkjer du om dette her

 

SKULESKYSS

Barn med nedsett funksjonsevne kan ha rett til tilrettelagt skyss, på medisinsk grunnlag. Det er fylkeskommunen ved Skyss som handsamar desse søknadane.

Ta kontakt med skulen eleven går på, dei vil søke som skyss for barnet. Husk at sakkunnig vurdering/ legeerklæring skal leggast ved søknaden.

 

PRIORITET VED TILDELING SFO-PLASS

Tildeling av SFO-plass skjer etter ei prioriteringsliste der barn med særskilde behov har 1. plass jf. SFO-vedtektene.

Det er rektor på den einskilde skule som har delegert opptaksmynde. Dersom barnet ditt har nedsett funksjonsevne og rektor ikkje kjenner barnet frå tidlegare, ta kontakt med rektror.

Hva med oss? og Hva med meg? Kurs for foreldre som har barn med nedsatt funksjonsevne 

Familievernkontora har eigne kurs for foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne. «Hva med oss?» for par og «Hva med meg?» for einslege foreldre.

For meir informasjon om kursa sjå her 

Kursa er per no ikkje tilgjengeleg på Voss

Du kan ha rett til pengestøtte frå NAV når du tek vare på eit barn som er sjuk eller skada. Kva du har rett til kjem ann på situasjonen din.

Her finn du meir informasjon om økonomisk stønad frå NAV

 

Omsorgsstønad er ein kommunal økonomisk kompensasjon til deg som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen, til dømes med å gje tilsyn, pleie og omsorg til eit familiemedlem. Arbeidet som lønnast må du oppleva som særleg belastande, varig og av eit visst omfang.

Her finn du meir informasjon om omsorgsstønad og kontaktinformasjon

 

Barn med nedsett funksjonsevne kan ha behov for ulike hjelpemiddel, om det er i barnehagen, på skulen eller heime.

På nettsida til NAV finn du ein oversikt over ulike formar for tilrettelegging.

Klikke her for å kome til nettsida, Hjelpemidler og tilrettelegging – nav.no