-

Økonomi

Stortinget har vedteke nasjonal ordning for inntektsgradert foreldrebetaling i barnehage. Ingen hushaldning skal betala meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass.

Lurar du på om du har rett til inntektsgradert foreldrebetaling i barnehage eller ynskjer meir informasjon, sjå her

Stortinget har vedteke nasjonal ordning for inntektsgradert foreldrebetaling i SFO, 1. – 4. klasse. Hushaldning skal ikkje betala meir enn 6 % av inntekta si for ein SFO-plass.

Lurar du på om du har rett til inntektsgradert foreldrebetaling i SFO eller ynskjer meir informasjon, sjå her

GRATIS AKTIVITETSKORT

Barn og ungdom født 2016 – 2004, som veks opp i familie med dårleg økonomi, kan få aktivitetskortet gratis. Ta kontakt med helsesjukepleiar, rådgjevar på skulen, læraren din, eller kontaktperson på NAV, BUP, barnverntenesta i Voss herad. Dei hjelper deg.

 

FRITIDSFONDET

Fritidsfondet er ei økonomisk støtteordning som skal bidra til at barn og unge i låginntektsfamiliar får moglegheit til å delta i minst ein fritidsaktivitet uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon.

Les meir eller søk om støtte til ein fritidsaktivitet her

 

FRIPLASS I VOSS KULTURSKULE

Kulturskulen i Voss herad disponerer 10 friplassar, som kan bli gjeve til barn frå låginnteksfamiliar. Frist for søknad er 25. mai.

Du finn meir informasjon om retningslinjene og korleis du søkjer her. 

 

SKATTKAMMERET – GRATIS UTLÅN AV UTSTYR

Kirkens Bymisjon har gratis utlån av utstyr, slik at barn og unge skal ha høve til ein aktiv kvardag

Meir informasjon om utlån av utstyr finn her her

 

Dersom du har utfordringar knytt til økonomi, gjeld eller slit med å betale rekningane dine, bør du søkje hjelp så tidleg som mogleg.

NAV kan gje deg råd om privatøkonomien din. Du kan få hjelp over telefon, eller bestille time til rådgjeving her på Voss.

Du kan mellom anna få hjelp til

Tenesta er gratis.

Her kan du lese meir om økonomisk rettleiing og gjeldsrådgjeving

 

Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels støtte du kan få dersom du ikkje klarer å dekkje nødvendige utgifter på eiga hand. Det er berre eitt søknadsskjema der du sjølv beskriv kva du ønsker å søkje om økonomisk støtte til

Dersom du er åleine med barn, finst det ulike støtteordningar du kan ha rett til. Kva for ordningar du har rett til, er avhengig av blant anna barna sin alder, sivilstanden din og bustad- og arbeidssituasjonen din.

 

Er helt eller delvis alene med barn – nav.no