-

Opne møteplassar

På Voss er dei fleire ungdomsklubbar og opne møteplassar for barn, unge og foreldre. Friskus kan du følgje med på kvar og når dei ulike tilboda er opne.

Ungdomsklubben Vangsgryto er ein kommunal ungdomsklubb for ungdomar i alderen 13-16 år. Klubben tilbyr ulike aktivitetar som biljard, diskotek, gamingrom og filmrom.

Her kan du lese meir om Gryto 

UFU (ung frustrert ungdom) er ungdomsklubben i Granvin. Klubben har halde til i Bygdahuset sidan 2017.

Her kan du lese meir om UFU 

Ungdomshuset Voss (UHV) er eit tilbod til ungdom på vidaregåande skule og oppover. Huset ligg sentralt midt på Vangen like ved Tinghuset

Her kan du lese meir om ungdomshuset på Voss

Hengeplass for ungdom er driven av Kirkens bymisjon på Voss. her kan du slappe av, treffe andre og få deg ein matbit.

Her kan du lese meir om Hengeplass for ungdom

Open hall er ein gratis lågterskel møteplass for småbornsafamiliar i Voss Idrettshall.

Open hall held ope kl. 10-13 ein søndag i månaden frå september til april. På facebook-sida til Voss herad kan du halde deg opptatert på når hallen er open

 

Vossamekken er eit fritidstilbod og mekkeklubb for ungdom. Målet med klubben stikk djupare enn det å berre ha det gøy med motor. Klubben arbeidar aktivt for at ungdomen vår skal ha det bra både på klubb og med seg sjølv.  Her kan du lesa meir om Vossamekken