Kommunepsykologane gjev eit lågterskeltilbod for personar med milde til moderate psykiske plagar.
Dei gjev kortvarig hjelp, og kan tilvise til spesialisthelsetenesta ved behov.
På HFU møter du helsesjukepleiarar og lege som du kan snakka med om seksuell, fysisk og psykisk helse. Ungdom som kjem på HFU kan ha spørsmål om prevensjon, graviditet, abort, etevanskar, depresjon, sorg, vanskelege familietilhøve, rus, vald, overgrep og mobbing.
Ynskjer du meir informasjon om HFU, sjå her
Perinatalfasen (frå påvist graviditet til barnet er 2 år) er ei sårbar tid for foreldre, og sped- og småbarn er avhengige av at omsorgsgjevarane deira har det bra. Målet er å sikre at vaksne som opplever psykiske vanskar i denne perioden vert fanga opp og får hjelp. Rask og rett hjelp til vaksne i perinatalfasen er god førebygging for å unngå seinare skeivutvikling hjå dei unge.
For å lukkast med dette vert det jobba med å etablere eit godt tverrfagleg samarbeid med aktuelle hjelpeinstansar. Helsestasjonen, jordmortenesta, barneverntenesta og kommunepsykologane i Voss herad samarbeider med fødeavdelinga ved Voss sjukehus, Voss DPS NKS Bjørkeli, BUP Voss og fastlegane om å førebygge psykiske vanskar i svangerskap og barseltid.
TOPS er eit lavterskeltilbod for alle som er bekymra for at ein sjølv, vener eller familie er i ferd med å utvikle ei alvorleg psykisk liding.
Når unge blir uvanleg tause – har dei som regel noko å fortelje.
Tidlege teikn på psykose
- Isolerer seg frå familie og venner
- Søv dårleg
- Er svært trist
- Har vanskeleg for å konsentrere seg
- Er redd for å gå ut av huset
- Forsømer hygiene, jobb eller skule
- Er ekstremt oppteken av tema som død, politikk eller religion
- Har store humørsvingingar
- Høyrer stemmer
- Snakkar usamanhengande
- Ser ting som andre ikkje ser
Hjå oss får du personleg oppfylging tilpassa dine behov og føresetnadar, slik at du sjølv vert i stand til å meistra kvardagen på ein måte som gjev deg betre helse og førebyggjer for livsstilssjukdomar.
Me har tru på små grep og endringar over tid, og fokuserar på meistring, støtte og kunnskap for at du skal lukkast.
kurs, gruppetrening og individuell rådgjeving som kan hjelpa deg med:
- Betre kosthald
- Fysisk aktivitet
- Meistring av stress eller belastning
- Meistring av depresjon
- Auke kvardagsglede
- Betre søvn
- Passar for personar frå 18 år og oppover
Tilbodet er ikkje starta opp enno, men håpar på oppstart frå hausten. Meir informasjon kjem.
Skal vere eit behandlingstilbod for personar som ynskjer å gjere ei endring for å få det betre. For personar frå 16 år og oppover, med milde til moderate vanskar knytt til angst, depresjon eller insomni
eBehandling er eit tilbod frå Helse Bergen og gjev veileda internettbehandling til vaksne (18 år og oppover), som har panikkliding sosial angst og depresjon.
På nettsida deire kan både du som pasient og fagperson få meir informasjon
ZuperSmart er ein stressmeistringsapp for barn i alden 6 – 12 år. Gjennom spel øver barna på ulike utfordringar, vel løysingar og kan spørje ein vaksen om hjelp. Målet er at barna skal kunne trene på å møte utfordringar, få informasjon om kva som skjer når me vert stressa og å få auka sin robustheit.
Klikke her for å få meir informasjon og finne ut korleis du lastar ned appen
E-Risk er eit online meistringskurs for barn og unge (12 – 18 år), som strevar med angst.
Du kan få informasjon om ulike typar angst, oppgåver og eksponeringsøvingar du skal gjer for å handtere angsten betre.
E-Risk har også støttemateriale til foreldre og lærar som har barn/ elevar som nyttar E-Risk
Per i dag er det ikkje terapeutar som er kursa i E-Risk på Voss, men programmet er laga for at barn og forelder også kan prøve det ut på eiga hand.
FØLELSESKOMPASSET
Følelsekomasset er ei nettside for deg som ynskjer å lære om og utforske eigne følelsar. Dei har også øvingar du kan gjere for å handtere følelsane sine på ein god måte.
Klikk her for å komme til Følelsekompasset
SJØLVHJELPSKURS
Norsk Helseinformatikk har sjølvhjelpskurs for ei rekke plager. Kursa er bygd opp av modular i form av videosnuttar.
Her finn du kurs for blant anna
- Søvnvanskar
- Depresjon
- sosial angst
- Presentasjonsangst
Oasen aktivitetssenter er ein møteplass og eit lågterskel tilbod for deg som har psykiske utfordringar. Desse kan vera korte, forbigåande eller langvarige og kroniske. Hjå oss kan du få ein strukturert og meiningsfull kvardag, med aktivitetar og kjekke gjeremål. Du kan også få tilbod om individuelle samtalar.