Under ser du eit utval av tenester for barn- og unge i Voss herad
For å søkja logopedhjelp kan du ta kontakt med barnehage, skule, PPT eller lågterskel logopedi. Vaksne kan få tilvisning frå lege/sjukehus eller ein kan bruka skjemaet som ligg lenger ned på sida vår. Vaksne med stemmevanskar må ha ei tilvisning frå Øyre-nese-hals-lege.
Områda logopeditenesta arbeider med er:
- Språklydsvanskar
- Taleflyvanskar
- Stemmevanskar
- Afasi/dysarti/dysfagi
- Nevrologiske tilstandar
Ungdomsavdelinga innheld ungdomsklubben Gryto på vangen, UFU (Ung frustrert ungdom) i Granvin, Ungdomshuset, Utekontakten og Ungdomsrådet.
Ynskjer du meir informasjon om Gryto, UFU, eller Ungdomsrådet finn du det på Ung på Voss
Meistringsteamet er organisert under PPT og er ei tilbod til barn i 4. til 7. klasse på skulane i Voss herad.
Meistringsteamet kan arbeida både med enkeltelevar som strevar med psykososiale utfordringar, og med klassar/grupper med psykososiale utfordringar. Fokuset for arbeidet er ein betre tilpassa skulekvardag. I saker der det kan vere føremålstenleg kan Meistringsteamet arbeide på fleire ulike arenaer, der barnet er.
Her kan du lesa meir om Meistringsteamet.
Konsultasjonsteamet er eit rettleiande organ som er samansett av erfarne fagfolk frå ulike etatar i Voss herad. Tenesta er retta mot deg som er uroa for om eit barn kan vere utsett for seksuelle overgrep, fysisk eller psykisk vald, er vitne til vald i heimen, eller uroa for om ein med psykisk utviklingshemming kan ha vore utsett for det samme.
Kommunepsykologane skal bidra til å løfta kompetansen på psykisk helse i heradet, og jobbar mellom anna med:
- Undervisning, kompetanseheving og rettleiing
- Arbeid på systemnivå med førebygging, helsefremjing, tenesteutvikling og kommunalt planarbeid.
- Samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
- Klinisk lågterskeltilbod
Kommunepsykologane sitt kliniske lågterskeltilbod er meint å vera eit kortvarig tilbod til personar med milde til moderate psykiske plager og lidingar.
Kontakt fastlege eller helsesjukepleiar for tilvising til kommunepsykologane
Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre du har eit nært forhald til.
Krisesenteret for Voss herad er Krisesenteret i Bergen og omegn. Du treng ikkje å vera i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Senteret tilbyr:
- Ein trygg mellombels stad å bu – eller dagtilbod om du heller ynskjer det
- Vern, tryggleik, råd og rettleiing
Alle kan kontakta krisesenteret, kor tid som helst, uansett kjønn og alder. Du kan også ta med barna dine på krisesenteret.
- Krisesenteret har døgnopen vakttelefon
- Det er gratis å få hjelp og gratis å bu på krisesenteret
- Du treng ikkje tilvising eller timeavtale for å kontakta senteret
Meir informasjon, på andre språk finn du på Dinutvei.no
Politiet har laga ei heimeside om vald i nære relasjonar. hvorlite.no gjev blant anna informasjon om kor lite du skal finne deg i.
Familievernkontoret gjev tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling.
Barnevernet skal vera ein garanti for at alle barn og unge blir sikra omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheiter. Dei skal beskytte barn mot omsorgssvikt og motvirke at barn lir fysisk og psykisk overlast. Barnevernet sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Det skal gi hjelp og støtte slik at heimen kan klare sitt oppdragaransvar, men dei har og plikt til å gripa inn dersom støtta ikkje nyttar.
SLT er ein samordningsmodell for Lokale, førebyggande Tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursane som allereie finst hos kommunen og politiet blir meir samkøyrde og målretta. Modellen skal sørgje for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar, men også foreldre, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar.
PP-tenesta skal hjelpa barn, elevar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Formålet er at dei skal få eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. Eksempel på særskilde behov kan vera:
- Språk- og talevanskar
- Konsentrasjonsvanskar
- Sosiale- og emosjonelle vanskar
- Åtferdsvanskar
- Syn- og høyrselsvanskar
- Generelle lære- eller fagvanskar
- Lese- og skrivevanskar
- matematikkvanskar
- Nonverbale lærevanskar
Dei tilsette ved PPT har teieplikt og all hjelp er gratis
Helsestasjon for ungdom (HUF) er eit helsetilbod for ungdom i alderen 13 – 23 år. Tilbodet er gratis, og du treng ikkje bestilla time.
På HFU møter du helsesjukepleiarar og lege som du kan snakka med om seksuell, fysisk og psykisk helse. Ungdom som kjem på HFU kan ha spørsmål om prevensjon, graviditet, abort, etevanskar, depresjon, sorg, vanskelege familietilhøve, rus, vald, overgrep og mobbing.
På helsestasjon for ungdom kan du mellom anna
- Teste deg for klamydia/gonore
- Få resept på hormonell prevensjon
- Ta graviditetssjekk
- Legge inn/fjerna P-stav
Dei tilsette på helsestasjonen har teieplikt
Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevar i grunn- og videregåande skule. Barn og unge har rett til tilgjengeleg skulehelseteneste. Helsesjukepleiar er på skulen til faste tider og har «open dør».
Tiltak for alle og tidleg innsats er viktige prinsipp for tenesta. Gjennom møte med elev, undervisning i klassar, grupper og/eller individuelle konsultasjonar kan gjera det mogleg for tenesta å oppdaga barn og unge med behov for oppfølging og hjelp. Sentralt i retningslinjene er å vera tilgjengeleg og synleg for elevane i samarbeid med skulen. Å styrkja psykisk helse, førebyggja, avverga og avdekka vald, overgrep og omsorgssvikt, og bekymringsfullt fråvær er nokre av måla for tenesta. Helsesjukepleiar og lege samarbeidar nært med fysioterapeut, PPT, familiesenter, kommunepsykolog, barnevern, NAV og tannhelsetenesta i kommunen.
Helsestasjontenesta driv førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen, særleg retta mot barn, unge og føresette. Tenesta er eit lågterskel tilbod, som vil seie at ein kan ta kontakt ved behov.
Målet med helsestasjonsprogrammet er å bidra til godt sampel mellom foreldre og barn, og at foreldre opplever meistring i foreldrerolla, fremja fysisk, psykisk og sosial utvikling hjå sped-og småbarn. Helsestasjonen samarbeider m.a med fastlege, fysioterapeut, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern.