-

Vald og seksuelle overgre

Konsultasjonsteamet er eit rettleiande organ som er samansett av erfarne fagfolk frå ulike etatar i Voss herad. Tenesta er retta mot deg som er uroa for om eit barn kan vere utsett for seksuelle overgrep, fysisk eller psykisk vald, er vitne til vald i heimen, eller uroa for om ein med psykisk utviklingshemming kan ha vore utsett for det samme.

TryggEst er eit lågterskeltilbod som skal bidra til å forhindra, avdekka og handtera vald og overgrep mot vaksne. TryggEst-teamet består av erfarne personar med rett kompetanse til å handtere alle situasjonar der vald og/eller overgrep er involvert.

Kva er vald og overgrep

  • Fysisk vald
  • Seksuelle overgrep
  • Nettovergrep
  • Psykiske overgrep
  • Økonomiske overgrep
  • Omsorgssvikt

Les meir om TryggEst her 

 

Nok er eit tverrfagleg lågterskeltilbod for personar som har vorte utsett for seksuelle overgrep og deira pårørande.

Har kan den utsette og familie få tilbod om blant anna

  • Individuelle samtalar
  • Gruppetilbod
  • Familiesamtalar

Les meir om Nok-Bergen sitt tilbod her 

 

Nok er også ein fagressurs for tilsette som jobbar i opplærings og helsesektoren

 

Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre du har eit nært forhald til.

Krisesenteret for Voss herad er Krisesenteret i Bergen og omegn. Du treng ikkje å vera i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Senteret tilbyr:

  • Ein trygg mellombels stad å bu – eller dagtilbod om du heller ynskjer det
  • Vern, tryggleik, råd og rettleiing

Alle kan kontakta krisesenteret, kor tid som helst, uansett kjønn og alder. Du kan også ta med barna dine på krisesenteret.

  • Krisesenteret har døgnopen vakttelefon
  • Det er gratis å få hjelp og gratis å bu på krisesenteret
  • Du treng ikkje tilvising eller timeavtale for å kontakta senteret

 

Meir informasjon, på andre språk finn du på Dinutvei.no

Politiet har laga ei heimeside om vald i nære relasjonar. hvorlite.no gjev blant anna informasjon om kor lite du skal finne deg i.