-

Verktøy for tilsette

Under ser du ei rekke tema med tilhøyrande lenkar til digitale ressursar.

DEN AUTORITATIVE VAKSENROLLA 

Kva kjenneteiknar den autoritative vaksenrolla? -Og kvifor bør alle me vaksne strekke oss etter å bli meir autoritative i møte med barn?  Høyr UIS og læringsmiljøsenteret sin podcast med Pål Roland å få svar på nettopp dette. 

 

 

Trygg vaksen = autoritativ vaksen - Livet og sånn
Bilete er lånt av livetogsånn.no

Den autoritative vaksne

  • Den vaksne har kontroll, tydlege grenser og forventningar til barnet, samstundes som den viser varme
  • Den vaksne lyttar til barnet sine behov og ynskjer samstundes som den lærer barnet å bli bevist eigne kjensler og å kunne regulere desse på ein føremålstenleg måte

 

Den autoritære vaksne

  • Den vaksne har høg grad av kontroll men lite varme
  • Det er lite gjensidigheit mellom den vaksne og barnet
  • Den vaksne tar i liten grad barnet sitt perspektiv og brudd på reglar medfører straff

 

Den ettergivande vaksne

  • Ein ettergivande vaksenstil er prega av mykje varme og positive relasjonar mellom den vaksne og barnet
  • Det er lite grad av kontroll og den vaksne sett få og utydelege grenser
  • Denne vaksenrolla manglar gjerne struktur og er lite føreseieleg for barnet

 

Den forsømmande vaksne

  • Den forsømmande vaksne har lite varme og samstundes som den har lite kontroll
  • denne vaksenrolla kan vere granselaus i møte med barn og overser barna sine kjensler og behov
  • Kan verke likegyldig og vere kald overfor barnet

SNAKKE MED BARN 

Snakke med barn er ein «samtalesimulator» som er laga av RVTS. Her kan du øve deg på å snakke med barn av ulike alder og med ulike utfordringar. Målet er at du skal bli tryggare på å snakke med barn som ting som kan opplevast utfordrande

Snakke med barn logo
Trykk på bilete for å kome til nettsida

 

Snakke med barn har også eit eige opplæringsprogram som kan nyttast om heile skulen, barnehagen eller ein annan avdeling ynskjer å auka kompetansen sin.  Klikk her for å kome til undervisningsopplegget. 

 

 

 

I Voss herad nyttar me Zippys venner på 1. – 4. trinn, Passport på 5. – 7. trinn og Draumeskulen på ungdomsskulen.

Alle dei tre programa tar sikte på styrke elevane si psykiske helse, livsmeistring og det psykososiale skulemiljøet.

På lenkene under kan du få meir informasjon om dei ulike programma.

Zippys venner – Livsmeistring i skulen 

Passport – Livsmeistring i skulen 

Draumeskulen 

 

TILTAK FOR Å BETRA RELASJONEN 

Udir har ei ressursside ein kan nytte ved relasjonsarbeid. Her finn du råd og forslag til tiltak, både i høve relasjonar barn – barn og barn – vaksne.

Her finn du nettressursen 

 

ROLLEMODELLAR MOT MOBBING 

Samtaleopplegg med filmar og diskusjonskort til foreldremøte i barnehagen. Målet er å gjere foreldre og tilsette bevist på kor viktige rollemodellar dei er i arbeidet med å skape vennskap og førebygge mobbing.  Laga av Redd Barna.

Her finn du nettressursen

 

BARN OG UNGES HELSETENESTER

Helse Bergen har laga ei oversikt ​over dei ulike tenestene sine roller og ansvarsfordeling. For kva er eigentleg oppgåva til dei ulike tenestene dersom eit barn strevar psykisk? Her finn du svara

 

Hjem

E-RISK for barn mellom 12 og 18 år som strevar med angst.

I utgangspunktet eit online meistringskurs for barn, men dei har også ressursar for lærar og foreldre. For lærarar finn du blant anna informasjon om:

  • Korleis du kan legge til rette på skulen
  • Korleis du kan følgje opp elevar som driv eksponeringstrening
  • Og 3 ulike undervisningsopplegg som har som føremål å førebygge engstelse hjå barn og unge

Klikk her for å kome til nettsida til E-risk 

 

ZUPERSMART

ZuperSmart er ein stressmeistringsapp for barn i alden 6 – 12 år.  Barna vel sjølv kva utfordringar dei ynskjer å øve på, kva løysingar del vel og dei kan spørje om hjelp. Frå ein forelder eller ein annan vaksen. Målet er at barna skal kunne trene på å møte utfodringar, få informasjon om kva som skjer når me vert stressa og å få auka sin robustheit.

Trykk på bilete for å koma til nettsida. Der finn du meir informasjon om korleis du lastar ned appen og kva innhaldet på appen er

 

 

KONSULTASJONSTEAM – VALD OG SEKSUELLE OVERGREP 

Konsultasjonsteamet er eit rettleiande organ som er samansett av erfarne fagfolk frå ulike etatar i Voss herad. Tenesta er retta mot deg som er uroa for om eit barn kan vere utsett for seksuelle overgrep, fysisk eller psykisk vald, er vitne til vald i heimen, eller uroa for om ein med psykisk utviklingshemming kan ha vore utsett for det samme.

 

TRYGGEST – FOR VAKSNE SOM ER UTSETT FOR VALD ELLER OVERGREP

TryggEst er eit lågterskeltilbod som skal bidra til å forhindra, avdekka og handtera vald og overgrep mot vaksne. TryggEst-teamet består av erfarne personar med rett kompetanse til å handtere alle situasjonar der vald og/eller overgrep er involvert.

Les meir om TryggEst her 

 

TRYGG TIL HANDLING 

Trygg til Handling skal gje deg meir kunnskap om kva vald og seksuelle overgrep er, kva konsekvensar det har for barn og unge og korleis du kan snakke med dei du er bekymra for. Programmet er enkelt å bruke, samtidig som den legg til rette for refleksjon og gruppearbeid.  Ein treng ingen førkunnskap, og programmet passar til intern opplæring og kompetanseheving. Klikk på bilete under for å koma til trygg til handling-nettsida

SEKSUELL ÅTFERD

Seksuellatferd.no er ei ressursside for fagpersonar som arbeidar med barn og unge

Trafikklyset er ein guide for vaksne til å identifisera, vurdera og gje respons på seksuell åtferd som er bekymingsfull.

Heftet gjev ein god oversikt over kva som kjenneteiknar normal, bekymringsfull og krenkande eller skadleg seksuell åtferd, ut frå barnet sin alder.

Sjå Trafikklys-hefte her 

I tillegg til trafikklyser er det laga eigne rettleiiarar for barnehage og skule. Trykk på bileta under for å sjå rettleiarane.

 

Barnehage veileder skjermbilde

Håndtering av problematisk og skadelig seksuell atferd veileder thumbnail

 

I HA DET BRA har RVTS sør samla ei rekke ulike verktøy og artiklar for vaksne som arbeidar med barn som strevar. Dette kan vere barn som strevar etter opplevde traumer, barn med lite tru på eigne evner eller barn som har ei åtferd som utfordrar oss vaksne.

På nettsida finn du blant anna:

 

  • Inspirasjon til hjelparen
    • Stress-opplysning for barn
    • Jo, visst skal me setja grenser
    • Hjerneopplysning for barn
    • Kva treng eigentleg hjelparen, når det stormar som verst?

Illustrasjon: Therese Klokset, RVTS Sør

DUBESTEMMER.NO er Utdanningsdirektoratet og Datatilsynet sitt undervisningsopplegg om personvern og digital dømmekraft for barn og unge mellom 9 og 18 år. Opplegga skal fylla kompetansemåla i lærplanen og omhandlar blant anna tema som:

  • Personvern
  • Sosial på nett
  • Uønska hendingar
  • Kjeldekritikk

 

Bekymra for barnet eller ungdommen sin alkohol- eller rusbruk?

Psykisk helse og rusarbeid 

Voss herad si kommunale teneste for personar med vanskar knytt til psykisk helse og rus. Du kan ta kontakt med dei dersom du treng råd knytt til rus.

Telefon: 48 01 45 70

Opningstid: 8:00 – 21:00

Les meir her: Psykisk helse og rusrabeid

 

URO (Ung rus oppdagelse)

Helse Bergen sitt lågterskeltilbod for unge mellom 15 – 25 år. Tilsette som arbeidar med barn og unge kan kontakt dei for rettleiing og bistad.

Telefon: 41 52 41 41

Opningstid: Kvardagar, kl. 8:00 – 15:30

Les meir her: URO 

 

Rusinfo gjev informasjon, råd og chat-teneste til både den som rusar seg og til dei som er rundt. Blant anna har dei råd om korleis ein best kan snakke med nokon om rusbruken deira.

Klikk her for å kome til RUSinfo

 

 

 

 

Snakketøyet er eit digitalt verktøy for vaksne som møter barn som er pårørande. Innhaldet er tilrettelagt for helsepersonell, men har også råd og rettleiing til andre vaksne som møter barna. Til dømes kan tilsette i barnehage, skule eller trenarar vera viktige støttespelarar for barnet når kvardagen endrar seg grunna sjukdom.

Snakketøyet innheld blant anna ein samtaleguide med ulike tema:

  • Inkluder barnet i aktivitetar i kardagen. – Handling kan sei meir enn ord
  • Fråta  barnet skyld og skam. Svar så god du kan på spørmål
  • Bryt tausheten, sett ord på det du veit

Klikk her for å koma til Snakketøyet 

 

Her finn du fleire digitale ressursar du kan nytte når du møter barn som er pårørande

 

Voksne for barn har laga fleire filmar kring temaet barn som pårørande. Filmane er retta spesialt retta mot helsepersonell, men også andre vaksne som møter barn i arbeidet sitt. 

 

  • ROP: Snakk om rus – digital ressurs for tilsette i helse- og omsorgstenester, NAV og spesialisthelsetenesta. Inneheld kartleggingsverktøy og fagstoff knytt til rusmiddelbruk og psykisk uhelse.
  • Nettressurs for pårørande: Pårørendesenteret
  • Nettressurs for barn og unge som er pårørande:  Unge pårørende.no
  • Barns beste – fagside frå nasjonalt kompetansesenter for barn som pårørende, Sørlandet sykehus